Lilletopp, omvising inne i fjellet
Bli med på ein spektakulær tur inn i rallarens rike!
- 1 t1 time
- 60 norske kronerkr 60
- Lilletopp, 5770 Tyssedal
Om tenesta
Inn i fjellet Ved Voktarboligen møter du verten som tar deg med inn i fjellet. Inne i tunellane er det lys og godt med plass. Verten fortel om vasskrafteventyret, om rallarar og ingeniørar som på to år fekk vatn frå Hardangervidda til å bli straum til fabrikkane, som igjen kunne forsyne verda med gjødsel og karbid. Omvising Kvar dag kl. 13 og 16 frå 25. juni-21. august Pris 60,- per person - billetten inneheld: - Vandring og omvising inne i fjellet - Parkeringsbillett - 3t ved Tyssohallen, hentast på Kraftmuseet Om turen (ca. 45 minutt ein veg) Parkering ved Tyssohallen. Du går femten minutt på veg, før du går på stien i ein halv time. Stien er godt sikra, men med bratte parti. Fantastisk utsikt heile vegen. Kafè (open kvar dag kl. 12-18) I Voktarboligen på toppen kan du kjøpe handverkskaffi, saft, pølser og nysteikt svele. Lilletopp Lilletopp ligg flott til mellom dei to nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. På Lilletopp kan du sitte på kanten av berget og sjå utover det praktfulle fjordlandskapet. Det som gjev turen ein ekstraordinær kvalitet, er det freda kraftanlegget med voktarbolig på toppen av røyrgata, og rallaren sitt rike inne i fjellet. Bruk gode tursko!
Komande økter
Avbestillingsregler
Vennligst kontakt oss 24t før dersom du ønsker å kansellere eller flytte din booking
Kontaktinformasjon
53 65 00 50
post@kraftmuseet.no
KRAFTMUSEET, Naustbakken, Tyssedal, Norge