top of page
Søk
  • post2874

Kraftmuseet

Oppdatert: 15. mar. 2022

Krafteventyret i Hardanger!



Eit nasjonalt monument

Den freda kraftstasjonen ligg nede ved fjorden og er eit mektig monument over vasskraft- og industrieventyret som starta tidleg på 1900-talet. Eit besøk på museet gjev deg innblikk i kva som hende då Norge gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Museet fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, om arkitektur og korleis det voks fram moderne byar midt i vakker vestlandsnatur.


“Kraftmuseet er ein kjekk stad for heile familien, med ulike aktivitetar for born. Rebus blant turbinane, installasjonar der ein kan laga ekte elektrisitet”.

Når du kjem til oss

Når du kjem til museet finn du enkelt parkering. Resepsjonen er i kraftstasjonen og der møter du vertskapet.


Film og omvisning

Besøket startar med den fengslande filmen Industrieventyret, før verten tar deg med på omvisning utanfor og inni kraftstasjonen.

Filmen startar kl. 11:00, 13:00 og 15:00.


Fri vrandring

Du kan vandra fritt i kraftstasjonen, studera det legendariske kontrollrommet med marmortavler, og sjå på utstillingane. Utstillinga Norsk vasskraft drar deg gjennom heile den norske vasskrafthistoria, frå pionertid til kraftsosialisme og monstermaster i Hardanger.


Museumskafé

I museumskafeen får du handverskaffi og små rettar. Lokal mat og drikke. Vi serverer sider frå Hardanger.


Museumsbutikk

I butikken finn du bøker, gåveartiklar, designvarer og eit utval drikkekoppar, termosar og flasker.



Kraftmuseet er ope 10-17 kvar dag i sommarsesongen. www.kraftmuseet.no


94 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page