Lindehuset

Staden for unike utstillingar i eit røft og interessant industribygg.

  • 1 time
  • 60 norske kroner
  • Smelteverket 111, 5750 Odda

Om tenesta

Sjekk ut portrett av fotopioneren Knud Knudsen og samtidskuntnaren Maria Pasenau, og den immersive eller omsluttande fotoopplevinga du får i rommet «Frukthagen». I utstillinga «Dialog» koplar vi portrett-foto tatt av (dei to) fotografane Knud Knudsen og Maria Pasenau, den eine norges store fotopioner, den andre ein profilert norsk samtidskunstnar / samtidsfotograf med suksess. Dette er foto tatt med nær 150 års mellomrom og med heilt ulik tilnerming; Portrett tatt som estetiske objekt, festa til negativar på glasplater stilt ut mot sjølvutleverande og intime portrett, tatt med digitalt kamera. I rommet med «Frukthagen» blir foto, dans og lydeffektar formidla på golv og vegger rundt deg slik at du får ei ny og sanseleg oppleving av Knudsen sine gamle / ikoniske landskapsfoto. Ope: 2. juli - 20. august 2022 kl. 12 – 18. Pris:  60,- Plassering: Lindehuset ligg øvst i Gågata midt i Odda sentrum, like ved Porten til smelteverksområdet eller ved Lindeparken / Vitenparken og KraftLaben. Parkering: Ved Odda Helsehus, på Smelteverksområdet eller dei fleste stader i sentrum. 


Komande økter


Avbestillingsregler

Vennligst kontakt oss 24t før dersom du ønsker å kansellere eller flytte din booking


Kontaktinformasjon

53 65 00 50

post@kraftmuseet.no

KRAFTMUSEET, Naustbakken, Tyssedal, Norge